Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Foreldre og FØRESETTE

På denne sida har me samla viktig informasjon til føresette.

Skolearena

Føresette kan følgje fråvere, karakterar og vurderingar for barnet sitt til dei fyller 18 år. Føresette må då opprette tilgang i SkoleArena.

Merk at ved innlogging så må du velje «Hordaland fylkeskommune» i feltet for  skuleeigar.

Om du treng rettleiing for å logge deg på, så kan du laste ned det følgjande PDF-dokument - SkoleArena-rettleiar

SkoleArena.no

 

Smittsam hjernehinnebetennelse

Elevane får tilbod om vaksinering. Lenke til infoskriv om smittsam hjernehinnebetennelse.

Ungdataundersøkinga 2019

 Les meir om undersøkinga

Godt skulemiljø

Alle elevar ved Stord vidaregåande skule skal oppleva eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Om elevar ikkje har det bra, har skulen plikt til å gjera noko med det.

Her er nokre viktige lenker:

 

Skjema og reglar:

Elevfråvær og permisjon

Eleven er pliktig å melde frå om fråvær same dag. Dette kan eleven gjere ved å leggja fråværet inn i Skolearena sjølv, sende ei melding til sin kontaktlærer på Its learning, bruke kontaktlærars epost eller SMS dersom kontaktlærar har avtale om dette.

Innsyn i fråvær og vurderingar

Føresette til elevar som er under 18 år kan be om tilgang til alt som ligg registrert på eleven vedrørande fråvær og vurderingar i Skolearena. 
Registrer deg her.

Skal eleven søkje seg fri?

Foreldre og føresette kan sende ein kortfatta søknad til kontaktlærar dersom ein planlegg å vere vekke frå skulen av ulike grunnar. For planlagt fråvær som varer meir enn ein dag vil avdelingsleiar behandle søknaden. Skulen innvilgar ikkje permisjonar for fråvær grunna feriereiser.

Skuleskyss

Følgjande elevar har rett på skulereisekort:

  • Elevar som bur meir enn 6 km frå skulen (kortaste veg mellom heim og skule) har rett til å få skuleskysskort.
  • Elevar som er funksjonshemma og har fått sakkunnig uttale om at dei må ha skuleskyss.
  • Elevar som må reise med båt.

Lån og stipend i Lånekassen

Alle elevar i den vidaregåande skulen har rett på minimum eit utstyrsstipend. Storleiken på utstyrsstipendet varierer ut frå kva utdanning som eleven tek. For å få utstyrsstipend må eleven sende inn søknad på Lånekassen sine sider. Det er også mogleg å søkje om grunnstipend eller elevar som er over 18 år kan i tillegg søkje om lån.