Stord vidaregåande skule har eit breitt utdanningstilbod innanfor studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Senter for vaksenopplæring i Sunnhordland er lagt til skulen. Skulen tilbyr òg kurs til vaksne innan ulike fagområde i samarbeid med NAV og lokale bedrifter.
Me har om lag 800 elevar og nærare 170 tilsette. Skulen ligg på Saghaugen og Vabakkjen i Leirvik, og kurslokala våre finn du på Heiane.
Me ønskjer og arbeider for at skulen skal vera ein skule der både elevar og tilsette har ein trygg arbeidsplass der me kan veksa og utvikla oss. Resultata frå elevundersøkingar viser at elevane skårar høgt på trivsel og at dei får faglege utfordringar.