Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Miljøfyrtårn

Skulen er sertifisert  som Miljøfyrtårn. Det vil seie at skulen er ein av om lag 5 000 andre verksemder i Noreg som ynskjer å vere eit fyrtårn for miljø og klima. Ved denne sertifiseringa må skulen oppfylle 62 krav som omfattar internkontroll HMS, arbeidsmiljø, innkjøp og materialbruk, energibruk, transport, avfall, utslipp og estetikk.

Miljøfyrtårn

Som elev eller tilsett ved Stord vidaregåande skule må du kjeldesortere avfallet ditt og delta i skulen sine miljøaktivitetar.

Har du lyst til å bidra til lågare klimagassutslepp og eit betre miljø? Det er fint om du ynskjer å bidra i miljøarbeidet, ta gjerne initiativ i klassen din og gjennom elevrådet. Tove Volden Nygård er miljøansvarleg her på skulen.

Lenke: Rapportar og statistikk om natur og klima i Hordaland.