Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kvardagslivstrening

Opplæringa er tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov, og med rett til omfattande spesialundervisning.

Målet er at elevane skal få betre kompetanse til å meistra ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon. Målgruppa er elevar som har trong for eit  varig og tilrettelagt omsorgstilbod.

Avdelinga har base i skulen sitt nyaste tilbygg, på Saghaugen, med alle dei hjelpemiddel som trengst for å møta elevar med behov for særskilt tilrettelegging. Basen, Uteskulen på Vatna, Byrkjeland gard, verkstadar og tilgang på varmtvassbasseng gjer svært gode opplæringsarenaer for produksjon og aktivitet. Me legg vekt på læring og sansing gjennom ekte opplevingar og konkrete læringssituasjonar.