Elevaktivitetar
Me ønskjer at elevane skal trivast hos oss. Gjennom skuleåret legg me opp til aktivitetar der elevar kan treffast og bli kjende på tvers av klassar og undervisningsgrupper. Eit aktivt og godt elevmiljø gjev glade elevar og gode skuleresultat!

Skulestart
Kvar haust er det mange nye elevar som begynner på skulen vår. Vi ønskjer at gamle og nye elevar skal bli kjent med kvarandre og med lærarane sine. Derfor startar me det nye skuleåret med ulike aktivitetar i og på tvers av klassane.
Startsamtale med kontaktlærar og turdag for elevar og tilsette er faste postar på programmet.

Elevmentorar
Eit tiltak for å gjere særleg skulestarten trygg og kjekk, er at me har skulert 40 «elevmentorar» frå VG2. Elevmentorane er med når me tek imot dei nye elevane om hausten, og vil følge VG1-klassane når dei skal etablere gode samværsreglar. Dei er òg med på å skape eit godt skulemiljø for alle på skulen når dei arrangerer trivselsskapande tiltak gjennom skuleåret.

Trivselsskulen
Stord vidaregåande har høg trivsel, og me har kontinuerleg fokus på at me skal ha ein skule der alle skal trivast. For å få dette til, må alle gjere ein innsats. Me helser på kvarandre, og prøver å ordna raskt opp når konfliktar oppstår. Alle skal vere hyggelege med kvarandre, og ta vare på både skulen og alle som er her.

Elevrådet
Elevrådet representerer elevane ovanfor rektor og andre som bestemmer på skulen. Er det noko du ønskjer å endra på skulen, kan du ta det opp som ei sak i elevrådet. Vil du bidra til å laga eit godt skulemiljø, kan du engasjera deg som tillitsvald i klassen, i ein komite, eller berre ved å vere ein god medelev! Elevrådet møtest omlag ein gong i månaden, og er representert med ein elev frå kvar klasse. Møte i elevrådet gjev gyldig fråvere.

Huskonsert
Ein onsdag i månaden arrangerer 3.klasse på Musikklinja konsert for alle elever og tilsette på skulen. Det er fritt fram for alle elevar å opptre her. Konsertane er i Konsertsalen på Saghaugen og finn stad i matpausen.

Musikal
Kvart tredje år set musikklinja opp ein musikal der alle elevane på linja er involverte, anten på eller bak scena. Førestellinga er eit stor løft for linja, og Kulturhuset blir booka for fleire førestellingar. Våren 2014 var det Jesus Christ Superstar som sto på programmet.
Foto: Jørn Olav Myhre

Juleturnering
Dei to siste skuledagane før juleferien, arrangerer 3.klasse idrett juleturnering for alle elevar og tilsette ved skulen. Det er turnering i ulike idrettar som kan variere frå år til år; volleyball, fotball, dodgeball og innebandy har vore mest vanleg. Idrettselevane gjev arrangementet ein pangstart med eigeprodusert opningsshow. Juleturneringa er ein fin tradisjon og ei god avslutning på ein lang haust med mykje læring og utvikling.

Teater
Me har aktive 3.klassingar som tradisjonelt lagar mykje liv og røre på skulen.
3. klasse på musikklinja set kvart år opp ein teaterførestelling for barn og vaksne like etter skulestart. Dei har ansvar for heile produksjonen og brukar delar av sommaren til øving og kulissesnekring.
Hausten 2015 var det Emil i Lønneberget som sto på programmet.

Russerevy
Kvar vår går russen saman om å lage russerevy. Alle VG3-elevane er med i førestellinga som er spekka med musikk, dans og verbale innslag. Aktuelle hendingar blir kommenterte, og ikkje minst skulen sine tilsette må finne seg i å bli parodierte, men det skjer med glimt i auga. Inntektene frå revyen går til eit veldedig formål.*
Foto: Thea Idsøe

Trafikkdag
Annankvart år, før russebilane begynner å rulla for alvor, har skulen ein trafikkdag. Alle elevane på skulen skal læra meir om trafikk gjennom informasjon, øvingar og opplevingar. Politi, brannvesen, Vegstasjonen, ambulansetenesta og Røde Kors står bak programmet og de tek også ansvar for gjennomføringa.

Krafttak mot kreft
Stordrussen samlar kvart år inn fleire hundre tusen til kreftsaka. Dei bidreg på fleire måtar- dei er med på «Krafttak mot kreft»- aksjonen kvar år, og overskot frå russerevy og andre russeaktivitetar går gjerne til kreftforeininga. Innsats som gjev teljande kroner og øre til eit godt formål.