Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Biblioteket

Skulebiblioteket her ved Stord vgs. finn du i kjellaren på Saghaugen. Tilknytt bibliotek er det òg ein eigen lesesal. [bilete]

SKranken på Biblioteket.jpg

 

Opningstid Skulebiblioteket er ope frå kl. 08.00 - 15.00 kvar dag. Alle elevar og tilsette kan få låne lærebøker, romanar, fagbøker, DVD-ar, lydbøker, teikneseriar m.m. Innlån frå andre bibliotek er diverre ikkje mogleg. Søk gjerne i katalogen vår etter det materialet som du treng.

Søk i boksamlinga vår

Lånetida er 28 dagar, med unntak av lærebøker (lånetid = heile skuleåret). Utlånet kan fornyast ved å ta kontakt med bibliotekaren eller du kan gjere det sjølv ved å logge deg inn på “Min side” 

Reglar i biblioteket Biblioteket er eit sosialt rom og det er lov å prate, sove, ete, spele spel og surfe på internett eller høyre på musikk – så lenge du respekterer andre, lar dei få arbeidsro og held orden. Bruk difor inne-stemme og gå ut dersom du treng å snakke i mobiltelefon. Skal du sjå videoar eller lytte til musikk må du bruke headset. Spør i skranken om du ønsker å låne headset. Rydd opp etter deg og kildesorter korrekt!

Lånereglar Alle bøker som vert teke ut av biblioteket, må registrerast! Ved Stord vgs. kan du låne bøker ved å oppgje namnet ditt. Elevbeviset du får utdelt ved skulestart, kan nyttast som lånekort – spør bibliotekaren om å få dette kopla opp mot nasjonalt lånekort. Du kan og få ordinært nasjonalt lånekort på skulebiblioteket

Erstatning Du er sjølv ansvarleg for medier som du har lånt. Tapt eller øydelagt materiell må erstattast. Får du 2 purringar og likevel ikkje leverer inn det aktuelle materialet som du har fått purring på, blir det sendt ut rekning etter gjeldande erstatningssatsar. Etter at rekning er sendt ut, er det ikkje lenger mogleg å levere inn bøker for å få rekninga sletta.

Biblioteket utsida.jpg