Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Arbeidslivstrening

Arbeidstrening er spesialundervisning med opplæring i ei mindre gruppe. Utdanninga passar for elevar som ikkje kan gjere seg nytte av eit ordinært opplæringstilbod, og som treng ein heilskapleg individuell opplæringsplan.

Opplæringa skal hjelpa eleven å meistra ut frå eigen føresetnad. Skuledagane er praktisk retta. Eit mål er at elevane skal bli betre rusta til å meistra kvardagen i eiga bustad, eit tilrettelagt arbeid og elles ute i samfunnet.

Arbeidstrening er eit utdanningsløp som legg vekt på praktisk- og teoretisk arbeid, utvikling av sosial kompetanse og samhandling med andre for å gjera ungdommane mest mogleg sjølvstendige.

Ein av våre undervisningsmetodar er Entreprenørskap, der me kvart år har hatt eiga ungdomsbedrift.

 Som elev på arbeidslivstrening hos oss får du

  • Ein praktiskteoretisk og aktiv skulekvardag
  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver knytt til elevbedrift, verkstad, handtverk og uteskule
  • Samhandling med vener, arbeid og samfunn
  • Vera aktiv med i skulekvardagen med oppgåver som er tilpassa kvar einskild
  • Læra å stå i ei arbeidsoppgåve over tid
  • Fysisk aktivitet
  • Sunn livsstil
  • Eit ope og utforskande læringsmiljø
  • Arbeidsutprøving i verkstadbedrift eller liknande
  • Deltaking i felles aktivitetar på skulen
  • Tett tverrfagleg samarbeid med heim, skule og andre som har innverknad på eleven si framtid

Me legg vekt på fysisk aktivitet, gode opplevingar og sosial trening!

mu3.jpg

 

mu1.jpg

 

mu4.jpg

 

 

Me driv kantine der me førebur oss på arbeidslivet!

mu6.jpg

 

mu5.jpg

 

Produksjon av produkt som skal seljast i ungdomsbedrifta

Produksjon.jpg

 

Me knyt teori mot praksis!

mu7.jpg