Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vitjing frå Comalapa

Guatemala-i-elevrådstime-med-3-elevar.jpg

I løpet av mai månad har skulen hatt besøk av Karen Paola Muchuch Simón og fire andre utsendingar som har kome den lange vegen heilt frå Comalapa i Guatemala. Bakgrunnen for vitjinga har å gjere med at det i år er 30 år sida Stord vart venskapsby med Comalapa.

Karen og dei andre representantane har vore innom skulen ved fleire høve i løpet av opphaldet sitt her på Stord, mellom anna for å takka hjarteleg for alle bidraga som elevane har stått for opp gjennom åra når dei har samla inn pengar på Solidaritetsdagen. Bidraga har gjort sitt til at mange ungdomar frå Comalapa, slik som mellom anna Karen, har fått høve til å gå på skule og utdanne seg. Karen tok seg òg tid til å ta del i undervisninga i spanskklassane og til å fortelje elevrådet og lærarane om forholda i Comalapa og om arbeidet med å heve den generelle skuleringa blant innbyggjarane og det å styrke særleg kvinner sine rettar.