Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

"Vær deg sjæl, for alle andre er tatt"

Tore-Petterson.jpg

TV-kjendis og humorist Tore Petterson hadde mange gode poeng og oppfordringar til skuleungdomen som var innom og høyrde på føredraget han holdt i Kulturhuset torsdag 12.09. I eit friskt og ufiltrert språk snakka han til ein neste fullsatt kinosal om det å ta dei rette vala.

Tek ein feil val, slik som å starte med å plage andre, så kan dette fort slå tilbake på ein sjølv seinare i livet, formante Petterson. Ein treng heller ikkje følgje slavisk det som alle andre gjer eller som dei seier at ein skal gjere. I staden oppfordra han ungdomen til å bli meir sjølvstendig og vere greie med kvarandre, også mot dei som er annleis og som opplever utanforskap. Tore gav mange gode døme frå eige liv og frå eigen omgangkrets på korleis folk som oppførte seg som ein dritt på eit seinare tidspunkt fekk dritten tilbake. Men som han poengterte, så er det alltid mogleg å endre seg og ta dei gode vala. Då vil det potensielt vere 7 milliardar menneske i verda som kan bli venene dine.