Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Partidebatt før skulevalet

Valdebatt.jpg

Lokalvalet nærmar seg og tradisjon tru legg skulen opp til å gjennomføre på liknande vis eit skuleval. Dagen før skulevalet den 4. sept. var elevane samla for å få med seg valdebatten i idrettshallen. Alle dei største partia var represenetert i eit panel beståande av ungdomspolitikarar. Eit knippe av aktuelle tema var oppe til debatt, der særleg skule vart diskutert heftig.

Klima vart det første temaet ut, men debatten gjekk her raskt over til å handle meir spesifikt om samferdsel enn klima generelt. I andre halvdel av debatten var det som nemnd skule som engasjerte deltakarane. Her vart det diskutert ulike synspunkt på fritt skuleval, synet på private skular, gratis skuleskyss, ulike eksamensordningar osb. Sjølv om det vart oppfordra til å kome med spørsmål frå salen, var det berre nokon få elevar som turde å gripe mikrofonen og kome med kritiske spørsmål til paneldeltakarane.

Etter at avslutningsinnlegga til ungdomspolitikarane var gjennomført vart det opna for at elevane kunne gå rundt og snakke med partirepresentantane på valtorga som var sett opp. Her var det nok mange som merka seg at Venstre hadde fått lov til å henge opp den noko kontroversielle plakaten som synte standpunktetet deira om legalisering av marihuana