Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

TIP med idrett frå hausten 2019

L1060982.JPG

Frå hausten 2019 vil Stord vidaregåande skule gje tilbod om TIP med idrett. Til no har vi hatt idrettslinja med tilbod om studieførebuande med idrett. Frå neste haust kan elevane også ta Vg1 Teknikk og industriell produksjon med idrett. Vidare vil det være mogleg å velje Vg 2 Industriteknologi med idrett.

L1060972.jpg

Vi ser at mange elevar er svært motiverte for å drive med idrett og derfor vil skulen tilby faget breddeidrett både på TIP og, som før, på studieførebuande.

Programområdet Teknikk- og industriell produksjon fører til over 70 forskjellige fagbrev, og det gjer moglegheit for høgare utdanning. Her er det gode moglegheiter for læreplass og ein god yrkeskarriere etter fullført utdanning. Tilbodet vert oppretta etter eit felles initiativ både frå skulen og frå bedriftene Kværner og Leirvik AS, samt Ytre Sunnhordland Opplæringskontor.

Du søkjer tilbodet slik:

  1. Søk ordinær TIP ved Stord vgs i VIGO.
  2. Send inn påmeldingsskjema til skulen. Dette finn du her.

Tekst og foto: Avdelingsleiar Erik Henneli (erik.henneli@hfk.no)