Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Theo Koritzinsky om Fagfornyinga

Theo Koritzinsky.jpg

Ved skulestart til hausten skal nye læreplanar innførast i alle fag. Endringa er også kjend som Fagfornyinga. I følgje tidlegare Stortingsrepresentant Theo Koritzinsky vil dei nye læreplanane mellom anna leggje til rette for sterkare oppøving av elevane sin kritiske tenking enn det tidlegare planar har gjort. Koritzinsky gjorde eit poeng ut av dette då han nyleg tok turen innom skulen vår for å snakke om det nye læreplanverket til elevråda for Stord, Fitjar, Rubbestadneset og Kvinnherad vgs. I tillegg heldt han ei samling for det pedagogiske personalet både ved skulen vår, så vel som for lærarane ved Fitjar og Kvinnherad vgs, som hadde tatt turen til Leirvik. Poenget til Koritzinsky gjekk ut på at dersom ein skal oppøve elevane i kritisk tenking, vil det vera naturleg at lærarane på same vis utøver ei tilsvarande kritisk tenking. Og kva vil vera meir naturleg enn å rette ei slik kritisk tenking mot dei nye læreplanane?

For å setje det komende læreplanverket i perspektiv gav Koritzintky eit kort oversyn over korleis tidlegare læreplanar var blitt utforma og korleis dei hadde endra den pedagogiske praksisen. Gjennomgåande for dei endringane som hadde skjedd sidan 90-talet meinte han var at politikarane i auka grad har prøvd å ta styring over utforminga av innhaldet i faga. Lærarane sin autonomi når det gjeld kva dei skal lære elevane sine har vore taparen i denne kampen. Eit anna trekk som han meinte å kunne sjå var at endringane var blitt styrt av verdisynet til politikarane som initierte lærplanendringane, og ut frå selektiv forskning som dei som har vore med på å utarbeide læreplanane fann for godt. I staden for gradvise endringar og forbetringar av dei læreplanane som allereie var blitt innarbeidd, fekk ein i staden omtrent kvart 13. år heilt nye planar å hanskast med.

Rett nok var ikkje Koritzinsky berre negativ til innføring av Fagfornyinga. Han såg det som positivt at dei nye planane dels bygde på det noverande læreplanverket, altså Kunnskapsløftet frå 2006. Eit anna sympatisk trekk ved Fagfornyinga var at det no var mogleg sjå samanheng mellom viktige poeng i den overordna delen av læreplanane og mange av læreplanmåla i dei enkelte faga. Dessutan var det bra at ein med dei nye planan byrjar å sjå samanheng mellom læreplanmåla og korleis elevane skal bli vurdert, altså at vurderingskriteria er blitt meir formalisert. Koritzinsky kom i tillegg inn på satsingsområda i dei nye læreplanane og kva det vil seie at planane og læringa skal vere tverrfagleg og vektleggje djupnelæring.

Lærarane som var til stades fekk høyre mange interessant perspektiv og oppfatningar på det nye læreplanverket. Kor vidt ein enda opp med å dele Koritzinsky sitt syn på Fagfornyinga eller om ein inntok ein meir kritisk haldning til det han hadde å kome med vil vera opp til kvar enkelt lærar. Begge deler vil uansett vera i trå med Korezinski sitt poeng og med føringane i Fagfornyinga kan ein seie.