Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ta Vg2 i utlandet?

klode.jpeg

Dersom du har lyst på eit år i utlandet kan du reisa på utvekslng i Vg2. Det er fleire måtar du kan gjera dette på.

Vg 2 i utlandet med ein vidaregåande skule

Er du elev ved ein av dei vidaregåande skulane i Hordaland kan du ta heile eller delar av andre året på vidaregåande (Vg2) i utlandet.

Frankrike

Tilbodet gjeld elevar som går Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram med fransk som framandspråk og som ønskjer å ta andre året (Vg2) på ein vidaregåande skule i Frankrike. Dei fem samarbeidsskulane våre ligg i Normandie.

Voss gymnas koordinerer dette tilbodet.

Skottland

Dette er eit tilbod til elevar som går Vg1 Studiespesialiserande og som ønskjer å ta andre året (Vg2) på ein vidaregåande skule i Skottland. Samarbeidsskulen ligg i byen Dalkeith, om lag 20 minuttar frå Edinburgh.

Det er Amalie Skram videregående skole som koordinerer dette tilbodet.

Tyskland

Dette er eit tilbod til elevar som ønskjer å ta andre året (Vg2) på ein tysk vidaregåande skule og som anten går:

  • Vg1 Elektrofag og som ønskjer å gå på Vg2 Data og elektronikk, El-energi eller Automatisering  eller
  • Vg1 Studiespesialisering med tysk som framandspråk

Samarbeidsskulane våre ligg i Erfurt. Skulen som koordinerer dette tilbodet er Askøy videregående skole.

USA

Dette er eit tilbod til elevar som går Vg1 Studiespesialiserande, og som ønskjer å ta andre året (Vg2) på ein vidaregåande skule i USA. Samarbeidsskulen vår ligg i Missouri.

Det er Øystese gymnas som koordinerer dette tilbodet.

Wales

Dette er eit tilbod til elevar som går Vg1 Studiespesialiserande og som ønskjer å ta andre året (Vg2) på ein vidaregåande skule i Storbritannia. Samarbeidsskulane våre ligg i Cardiff-området.

Det er Knarvik vidaregåande skule som koordinerer dette tilbodet.

Korleis søkjer eg?

Du søker på vigo.no.

I tillegg må du fylle ut eit søknadsskjema. Du finn skjemaet på nettsida til skulen som koordinerer tilbodet.

Skulane som koordinerer tilboda

Alle Vg 2-klassane i utlandet har ein koordinatorskule som m.a. står for kontakten med vertsskulane og oppfølgjinga gjennom skuleåret.

Elevane som er i utlandet er heile tida registrert som elev ved koordinatorskulen og har derfor dei same rettane som elevar som blir i Noreg.

Samarbeidsskulane har også kontaktlærar som har den daglege oppfølgjinga av elevane, og som dei kan vende seg til dersom dei får problem.

Kostnader ved opphaldet

Vg 2 i utlandet gir same rettar som andre utdanningsordningar, mellom anna rett til bortebuar- og reisestipend hos Statens Lånekasse. Dette dekkjer dei fleste utgiftene til kost, losji og heimreiser.

Korleis søkjer eg Vg3 etter skuleår i utlandet?

Koordinatorskulen hjelper deg med å velje fag som gjer at skuleåret blir godkjent. I tillegg vil kontaktskulen gi deg undervisning i norsk, anten som fjernundervisning eller i form av undervisningsdagar når du kjem tilbake etter skuleåret er slutt.

Du søker deg vidare til Vg3 på vanleg måte før 1. mars på https://www.vigo.no/vigo/servlet/vigo

 

Vg 2 i utlandet med ein organisasjon

På lånekassen si heimeside finn du informasjon om organisasjonar og kva du får støtte til.

https://www.lanekassen.no/nb-NO/Stipend-og-lan/vg/utveksling-og-videregaende/

 

Her er ei liste over godkjente utvekslings organisasjonar:

https://www.siu.no/Videregaaende-opplaering/Godkjenning-for-utdanningsstoette/godkjenning-av-utvekslingsorganisasjoner/godkjente-utvekslingsorganisasjoner

Du finn og informasjon på SIU (Senter for internasjonalisering av utdanning) sine sider: 

https://www.siu.no/Videregaaende-opplaering

Det kan vera lurt å snakka med andre som har reist når du skal velja organisasjon. 

Utdanning i utlandet etter vidaregåande skule

Alle universitet og høgskular i Noreg tilbyr utveksling frå 3-12 mnd.

Dersom du vil ta heile utdanninga di i utlandet er det fleire nettstader som kan vera nyttige. Det er viktig at utdanninga du tek vert godkjent i Noreg, det kan t.d ANSA og SIU hjelpa deg med.

http://www.ansa.no/ (her kan du bestilla rådgjevingstimar og få hjelp til søknadar og anbefalingsbrev)

https://www.siu.no/Hoeyere-utdanning 

Det må byrja prosessen tidleg, allereie på vg2, sidan nokre av søknadsfristane i utlandet er hausten (oktober) året før du skal byrja. Meir om søknadsfristane til dei ulike landa finn du her: http://www.ansa.no/Studier-i-utlandet/For/praktisk-informasjon/soknadsfrister/

For utdanning i Storbritannia sjekk  også Study across the pond: https://no.studyacrossthepond.com/


Spørsmål kan stillast til Ingrid K. Skorpen som er Stord vidaregåande skule sin kontaktperson for utanlandsstudier. Ingrid.Skorpen@hfk.no