Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skulen over på raudt nivå

Frå i morgon, fredag 19.03., vert det fysisk undervisning på skulen. For å imøtekomma smittevernsreglane som no er raude, må elevane komme inn i mindre grupper. Klassane vert delt i to, og kvar halvdel møter på skulen på ulike dagar. Dei som ikkje er på skulen skal arbeide digitalt. På denne måten skal me klara å halda to meter mellom elevane i klasserommet, og me dempar presset i kollektivtrafikken. Pultar og stolar vert reingjort mellom gruppene. På elevrommet i ITSL har me lagt ut informasjon om kor mange elevar som møter i dei ulike romma, og kor stor kapasitet romma har normalt. Stord vgs skal driva på raudt nivå fram til 9.april. I tillegg til fokus på avstand vert det også sett i verk forsterka reinhald. Toalett og kontaktpunkt vert vaska fleire gonger i løpet av skuledagen.