Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skulen i gang med hurtigtesting av elevane

Hurtigtesting 1MEA.jpg

Stord vgs er no i gang med å tilby sjølvtesting til elevar og lærarar ved skulen. Denne veka (veke 15) er det elevar på VG1-trinnet som får tilbodet om hurtigtesting. Veka etter vil VG2-elevane også få tilbodet, og veka etter det igjen vil VG3-elevar kunne henge seg på. Det er kvar enkelt elevane som gjennomfører testinga av seg sjølv, men det er ein tilsett ved skulen som i etterkant vil lese av prøvane. Dersom det blir oppdaga positiv prøve vil vedkomande elev få ein privat SMS om dette. Klassen vil deretter få besøk av rektor som informerer heile gruppa om at det er oppdaga ein positiv test i klassen. Heile klassen vil då avslutte skuledagen og gå i mellombels karantene heime. Vedkomande som har testa positivt vil møte opp på ein avtalt stad på skulen og vil der få nærare beskjed om kva som vil skje vidare. Alle må hugse på at testing er eit tillegg til smitteverntiltaka som allereie er innført. Dei som er sjuke eller har symptom skal ikkje møte på jobb eller skule, i tillegg skal ein halde fram med avstand, handhygiene, nyse i armkroken osb.

Du finn meir bakgrunninformasjon om hurtigtestinga av elevar ved dei vidaregåande skulane i Vestland her: https://www.vestlandfylke.no/om-oss/beredskap/korona/status-pilotprosjekt-koronatesting-av-elevar-ved-to-vgs/