Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Situasjonsrapport Læreplassar

Bilete frå TIP sin verkstad
Frå venstre ser du yrkesfagleg koordinator Hermod Kirkeli, rådgjevar Frode Fjellanger, elev TIP Rolf Kristian Egholm Larsen, elev TIP Youssef Amr, elev TIP Christopher Midttun Eide og kontaktlærar Henning Nordfonn.

Situasjonsrapport Læreplassar 29. august 2017:  Åtte elevar står igjen utan tilbod, to av tre har teikna lærekontrakt.

Hordaland fylkeskommune satsar stort på å auka talet elevar som kjem fram til fagbrev. Denne satsinga har Stord vidaregåande skule nytt godt av ved at me har fått tilsett ein eigen yrkesfagleg koordinator gjennom prosjektet «Auka gjennomføring – fleire ut i lære».  Denne stillinga er det Hermod Kirkeli som har.

Viktige moment i jobben hans er samarbeid med lærarane, styrka kontakten mellom skule og næringsliv og få på plass varige strukturendringar som styrkar elevane sin jobbsøkingskompetanse. Målet er ei heilskapleg fireårig opplæring for alle som vel yrkesfagleg utdanning. Hermod har òg eit regionsansvar for dei som står utan læreplass eller Vg3-tilbod etter skuleåret 2016/17.

Lenke: Yrkesfaglege koordinatorar skal auke gjennomføringa på yrkesfag

Som skule ligg me midt i ein av dei tradisjonelt sterkaste industriregionane i Noreg. Industrien på Vestlandet har hatt eit par utfordrande år etter lågkonjunkturen som kom i etterkanten av oljeprisfallet i 2014. I denne perioden har me opplevd at verksemdene har teke inn færre lærlingar og fylket har oppretta Vg3-klassar i fleire fag, slik at elevar utan læreplass kan nå fram til fagbrev i skulen. Heldigvis opplever me no at arbeidsmarknaden for lærlingar ser atskilleg betre ut.

For å finna ut korleis dette ser ut så tok heimesida seg ein prat med Hermod. Han opplyser at det pr. i dag (29. aug 2017) er åtte av årets avgangselevar som ønskjer lærekontrakt som ikkje har fått dette. Dette er to elevar som har gått Vg3 Automatisering, to som har gått Vg2 Elenergi og fire som har gått Vg2 Køyretøy.

Totalt var det 78 som søkte lærekontrakt av våre avgangselevar i år (93 elevar totalt). To av tre av dei som har søkt lærekontrakt har fått «napp». Dei som ikkje har fått læreplass har valt å seie ja til andre tilbod som allmenn påbygg, jobb/praksisplass, militærteneste eller omval til andre studieprogram. Arbeidet er ikkje slutt, og me håpar fleire skal få lærekontrakt utover hausten. 

Når me spør Hermod om han har oppdaga nokre fellestrekk ved dei som ikkje har fått lærekontrakt, så seier han at fleire av desse har søkt gjennom e-post og i liten grad oppsøkt verksemdene dei har søkt til. Dette viser seg ofte å ikkje vera nok. Det er mykje betre å oppsøka verksemda ein søkjer til slik at dei får eit ansikt å forhalda seg til. Yrkesfagkoordinator og yrkesrådgjevar vil utover hausten ha samlingar med dei ulike klassane og fokusera på jobbsøkingskompetanse, jobbintervju og elles korleis ein skal marknadsføra seg sjølv på ein god måte opp mot aktuelle verksemder.

Lenke: Alle godkjente lærebedrifter og opplæringskontor i Hordaland.

Utdanningssystemet innan yrkesfag i Noreg er basert på både opplæring i skule og opplæring i verksemder gjennom læretid. Som skule er me veldig glad for at fleire av elevane våre får fullført utdanninga si som tenkt, og me vil arbeida målretta for at denne gode utviklinga held fram også i åra som kjem.