Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Russen avslutta med stil

Avslutning for russen.jpg

Det var ein gjeng staselege karar og behørig pynta jenter som møtte opp då russen hadde avslutning kvelden før siste skuledag. I konsertsalen fekk avgangselevane godord  frå rektor Ellen Strandenes, medan fagleiar Torleif Agdestein stilte opp på flygel med eit knippe låtar som oppsummerte dei tre åra elevane no hadde bak seg ved Stord vidaregåande skule. Som ei lita påskjønning for innsatsen deira med å bli ferdig med den studieførebuande utdanninga, fekk alle elevane med seg ei rose på vegen ut i sommarkvelden.