Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

«Småhusprosjektet» - byggfag treng fleire lærlingar

Småhus bilde2 (800x600).jpg

Byggopp er eit opplæringskontor for lærlingar i bygg- og anleggsbransjen. På grunn av sviktande rekruttering til byggfaga, har Byggopp tatt initiativ til eit prosjekt med bygging av småhus for elevar i 9. klasse. Prosjektet er eit samarbeid med Stord vgs, avd. Vabakkjen og ungdomsskulane Stord, Moster og Rimbareid. I to dagar har Byggopp hatt opplæring av instruktørar til småhusbygginga. Instruktørane er lærlingar i lokale bedrifter. I tillegg til å instruere 9. klassingar i småhusbygging, blir det viktig for dei å vere ambassadørar og rollemodellar for yrket dei har valt å satse på.

Desse lærlingane / bedriftene er med:

Jan Morgan Frøynes, Engelsen Entreprenør
Kristaps Narivonciks, Engelsen Bygg
Magnus Aarbø, GB Bygg
Anders Bakken Ottesen, Blink Hus Valvatne
Daniel Esperø, Norgeshus Bømlo
Ahmed Darwish, Engevik & Tislevoll.

Nokre bilete frå prosjektet:

Småhus bilde3 (800x600).jpg

 

IMG_20200210_124352 (800x600).jpg

 

IMG_20200210_124233 (600x800).jpg