Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

OPLICO – «Open and Liberal Community; Challenges and Opportunities for Adult Education»

IMG_8231.JPG

Stord vidaregåande skule har frå 2017 til 2019 delteke i Erasmus+ -prosjektet , OPLICO – «Open and Liberal Community; Challenges and Opportunities for Adult Education» Det er lærarar og elevar ved vaksenopplæringa ved skulen, samt positive lokale krafter som har vore med på prosjektet. Prosjektet er no i sluttfasen og me er særs nøgd med kva med har fått til saman med partnarane våre frå Litauen , Frankrike, Tyskland og Portugal. Me skriv her litt om bakgrunnen og resultat av det to-årige prosjektet.

Bakteppe og intensjonen med prosjektet

Eit ope, tolerant og liberalt samfunn for alle, uavhengig av sosial status, bakgrunn, rase, kjønn eller holdning, er ein av utfordringene i det 21. århundre.

Prosjektet vil gjere det mogeleg  til å utveksle erfaringer frå partnarar med ulik bakgrunn. Alle partnarane  vil lære av kvarandre sidan me har forskjellige tilnærminger til utfordringa med sosial inkludering og migrasjon i dei respektive landa.

Alle involverte i prosjektet vil tileigne seg kunnskap om verdiane og haldningane til eit ope og liberalt samfunn . Derfor vil gjensidig forståing og respekt som genereres av gjennomføringa av dette utdanningsprosjektet, bidra til å lette sosial inkludering av sosiale risikogrupper, migrantar og til å bli meir medviten på dette problemet i lokalsamfunnet. Dette prosjektet for å løyse sosiale problemer blir implementert i fem EU-land som deltar i prosjektet. Det er Litauen (koordinering), Frankrike, Tyskland, Portugal og skulen vår.

Resultat frå arbeidet

Les meir om prosjektet og resultat av prosjektet på:

www.oplico.eu