Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Nye elevmentorar

Mentorkurs skore ned.jpg

Planlegginga for det neste skuleåret er allereie i gang, og ein av dei tinga som må på plass er nye elevmentorar som skal ta imot VG1-elevane på ein god måte. Rundt 40 elevar hadde meldte seg og har no fått innføring i kva jobben går ut på. Samstundes var samlinga i Solidhuset den 15. juni også eit bra høve til å takke alle mentorane som stilte opp i det inneverande skuleåret. Dei hadde mange gode tips og erfaringar som dei kunne gi vidare. Alle elevar som har vore mentorar får ved slutten av skuleåret attestar på den gode jobben som dei har utført