Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

MU-elevane sin julemarknad

IMG_1363.JPG

Elevane på Meistring og utvikling arrangerte den årlege julemarknaden sin no like før advent. Denne gongen var det elevbedrifta deira "Alt mulig UB" som hadde laga alle dei flotte julevarene som var til sals. I tillegg vart det bydd fram kaffi, lappar og vafler til dei som hadde funne vegen innom marknaden.

I år er det 14 elevar på MU som jobbar i ungdomsbedrifta «Alt mulig UB». Dagleg leiar denne gongen er Mats Huseth Rasmussen. Han fortel at arbeidet med bedrifta stort sett har gått bra og at den har fungert som ein arena der elevane har blitt bedre kjend med einannan enn dei elles ville ha gjort. Nokre utfordringar har det rett nok vore med å motivere alle til å jobbe like mykje, men som leiar har Mats lært at det ikkje nyttar å kjefte på dei som ikkje har ønska å ta del heile tida. I staden er det ein betre framgangsmåte å gjere dei merksame på kva konsekvensane vil bli når ein ikkje bidrar inn mot bedrifta, har Mats funne ut.

Til liks med tidlegare ungdomsbedrifter på MU har dei også i år produsert salssuksessane kvedegele, svartsurbærsyltetøy og ramslauksalt. I tillegg var det råd å få kjøpt julekort og julepynt. Mats Huseth Rasmussen er ein av dei som har vore med på å produsere for «Alt mulig UB». Han likar best å drive med snikkerarbeid og setje saman ting. Til julemarknaden har han bidratt med eit fuglehus og diverse skjerefjøler, som var til sals for ein rimeleg penge.

Til liks med tidlegare år vil ungdomsbedrifta dele overskotet i tre;  ein del til å løne dei tilsette, ein del som vil bli brukt på ein ekskursjon for elevane på MU og resten som vil gå til ein veldedig organisasjon. Kva organisasjon som bli den heldige mottakaren av overskotet til bedrifta er ikkje bestemt enno.