Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

MU-elevane med fengslande førestilling

Prison-blues.jpg

Eitt av fleire musikalske høgdepunkt her ved Stord vgs er MU-elevane sin årlege skulekonsert. Denne gongen var det songar om opplevingane bak fengselsmurane og lengten etter eit betre liv som var det gjennomgåande temaet for førestillinga deira. Med litt hjelp frå elevar på musikklinja fekk publikum servert eit rikhaldig repertoar av songklassikarar innan genrane rock, punk, blues og americana. Både artistar og publikum storkosa seg, noko den ståande ovasjonen på slutten var eit tydeleg teikn på. No ser alle fram til neste års arrangement.