Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Lærlingar

IMG_3884.jpg

Lærlingar på rekke og rad; Einar Wille Austlid, Andreas Nordbustad og Christoffer Husevik.  Skulen har vore lærebedrift og hatt lærling i IKT- driftsfag sidan 2012. Nytt i år er at me også har fått lærling i Kontor- og administrasjonsfaget.

Einar har vore lærling på skulen i IKT-driftsfag dei to siste åra. Han gjorde seg nyleg ferdig med fagprøven med godt resultat, og fagbrevet blei feira med dei andre lærlingane me har på skulen. Andreas og Christoffer begynte læretida si i august, Andreas i Kontor- og administrasjonsfaget, Christoffer i IKT-driftsfag.

 Skulen har gode erfaringar med å vera lærebedrift. Lærlingane er til stor hjelp, spesielt i travle tider, og samtidig er det kjekt å kunne tilby læreplassar til ungdommar som vil fullføre utdanninga si.

HFK la i vår om lærlingordninga i fylkeskommunen slik at det er fagopplæringskontoret som står som ansvarlege for opplæringa, men lærlingane vil framleis vera plassert rundt om på fylkeskommunale einingar og ha den daglege oppfølgjinga der. Me ønskjer Christoffer og Andreas lukke til med læretida, og Einar lukke til vidare i arbeidslivet!