Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Juleturneringa 2018

Volleyball-1000x500.jpg

Dagen før elevar og lærarar tek juleferie har det vore tradisjon her på skulen å arrangere ein idrettsturnering der stort sett alle klassane stiller med deltakarar og lag. I år vart det avvikla turnering i volleyball og fotball. 49 lag hadde meldt seg på i volleyball og 10 lag i fotball. Mange av laga la stor vekt på å stille i artige drakter og med fantasirike namn, medan andre var meir fokusert på å kome lengst mogleg i turneringa. Innsatsen var uansett upåklageleg og stemninga veldig god.

Turneringa vart i år arrangert av elevane som går på VG3 idrettsfag. Det å avvikle eit større idrettsarrangement inngår faktisk som ein del av kompetansemåla dei skal gjennom i løpet av skuleåret. I to månader har elevane planlagt for att alt skulle gå mest mogleg knirkefritt for seg i løpet av timane som turneringa varte, og sjølv om stressnivået og temperaturen til tider var rimeleg høg i sekretariatet då det stod på som verst, kunne ein puste ut for nok ei vellukka turnering då det heile var over.

Nokre av deltakarane var rett nok uheldige og pådrog seg mindre idrettsskadar, men arrangørane stilte med eigne hjelpemannskap som var raskt på pletten då ulukkene var ute. Så sjølv om ein av elevane som vart skada måtte til lege og ein annan trakka over, var dei tilbake på parketten nokre timar seinare

Laget som til slutt vann fotballturneringa var elevane med base i påbyggsklassen. I volleyball var det idrettselevane på VG2 som gjekk av med sigeren både i gute- og jenteklassen.