Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Herleg innsats i den årlege juleturneringa i volleyball

Volleyballturnering 2019.jpg

Det var upåklageleg innsats og stort engasjement blant dei godt og vel 44 klasselaga som deltok på skulen sin tradisjonelle juleturnering i volleyball. I tillegg stilt vel 16 lag opp i fotballturneringa som fann stad samtidig.

I turneringa var det eit par av laga som stilte i festelige kostymer, med kosedress i dyrefasong som det mest spenstige. Det er litt uvisst om draktene gjekk ut over spelet til laget, men diverre tok dei seg uansett ikkje vidare til sluttspelet. Lærarane stilte også med lag både i volleyball og fotball, der lærarlag 2 gjorde det best i volleyballen og hangla seg til ein kvartfinaleplass før det var bom stogg. Heldigvis vart turnering gjennomført utan nokon alvorlege skadar eller uhell, verken blant elevar eller lærarar. Med så mange lag påmeldt måtte ein vente til neste dag me å avvikla semifinalar og finalar. Uansett såg det ut til at alle deltakarane hadde det moro, og skulen takkar klasse 3B på idrettslinja for eit profesjonelt gjennomført arrangement.