Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Heimeundervisning medan skulen førbur raudt nivå

Smittesituasjonen i kommunen fører til skuledrift på raudt nivå. Dette betyr at me må ta inn elevane i mindre grupper. Du finn informasjon om kven som skal møte og til kva tid på it`s learning. Det blir heimeskule i morgon, onsdag 17. mars, då det er mange tilsette som er i karantene/ventekarantene grunna den uvisse situasjonen.  No er det viktig å halde god avstand. 2 meter gjeld i alle situasjonar, og me ber om at kvar og ein er ekstra påpasseleg når det gjeld trygg avstand. Dersom det ikkje er mogleg å halde 2 meter avstand, t.d. på bussen, må du nytte munnbind. Minner om grunnleggande smittevernreglar; hald deg heime om du har symptom-vask hender- hald avstand. Med helsing Ellen Strandenes Rektor Stord vgs.