Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Filosofi NM 2017/18  – ei spanande utfordring for studiespesialiserande elevar.

filosofo1red.JPG

18. oktober sit elevar frå 51 vidaregåande skular over heile landet og skriv engelsk essay med utgangspunkt i eit sitat av ein kjend filosof. Fem av dei er elevar ved Stord vgs. Dei er i gong med 1. runde i Filosofi NM.

Dei beste norske frå 1. runde i NM vil bli invitert til Filosofidagen for vidaregåande skular onsdag 14. mars 2018 i lokala til Stiftelsen Fritt Ord i Oslo. Her vil filosofar med doktorgrad undervisa og innby til plenumsspørsmål og gruppediskusjonar. Torsdag 15. mars vert så 2. runde i NM arrangert for dei beste frå 1. runde der dei i 4 timar skal skriva eit nytt essay som vil avgjera kven som får reisa til OL i Montenegro.

NM i filosofi for vidaregåande skuleelevar har vore arrangert sidan 2007, og fungerer som kvalifisering for deltaking i OL i filosofi (IPO:www.philosophy-olympiad.org.) Førre skuleår deltok 466 norske elevar frå 45 skular i 16 fylke. Norge har deltatt i OL i filosofi sidan 2005. Elevar frå 45 land deltok på filosofi-OL i Rotterdam, Nederland i mai i år. To elevar frå Norge kan delta på den 26. filosofiolympiaden som går i Bar, Montenegro 23.-27. mai 2018. "Filosofiforeningen for videregående skoler»  arbeider med filosofi for ungdom og står som arrangør av denne meisterskapen. (www.filosofiforeningen .no)

Elevar

Stord vidaregåande skule har deltatt på fleire filosofi-NM. Vi har to gongar hatt elevar frå historie og filosofigrupper som har tatt turen til Oslo og deltatt i 2. runde. Lærar i Historie og filosofifaget, Bente Madsen Taraldsøy, er og med i juryen.

I år har vi ikkje undervisningsgruppe i Historie og filosofi ved Stord Vidaregåande skule, dessverre. Men vi har frivillige religionselevar som stiller opp og vil delta. Sporty og interesserte!

Deltakarar frå vår skule i år er Ola Lambach Fitjar, Amalie Bjørhovde Myrvoll, Cindy Tran, Bjørn Høyvangli Kyvik og Emma Eriksson Våge. Kommentarar i etterkant: "Dette var gøy!"

Vi ønsker dei lykke til i konkurransen!

Her er oppgåva:

Oppgåva