Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Filmprosjekt på Nysæter ungdomsskule

Søppelmonster Nysæter skule.jpg

Det var ingen grunn til panikk sjølv om eit digert søppelmonster mogeleg vart observert i området rundt Nysæter ungdomsskulen. Monsteret var berre ein av fleire underlege karakterar som spelte ei rolle i 10 videoar som 10-klasseelevar ved Nysæter ungdomsskulen og elevar på medielinja ved Stord vgs samarbeidde om å filme.

Dei to 10-klassane ved Nysæter ungdomsskule hadde invitert elevane på VG1 media til å vere med å filme prosjekta sine. Medieelevane stilte sjølvsagt opp med utstyr og kompetansen sin. Filmprosjekta var ein del av ungdomsskulen sine fokusveker på berekraft og klima. Dei fleste av prosjekta var i kategorien opplysning- og dokumentarfilmar, men eit par av gruppene hadde vald å gå i retninga av det ein kan kalle berekraft-skrekkfilm. Her var det at søppelmonstera kom til sin rett, som ein metafor på korleis forsøplinga vår av naturen kan slå grusomt tilbake på dei som forsøplar. Samarbeidet mellom elevgruppene ved dei to skulane fungerte bra og alle prosjekta kom i mål med filminga. No er det berre å vente på at redigeringa skal bli ferdig og at premierane kan finne stad.