Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Erna Solberg vitja Stord vidaregåande

Erna-solberg-på-vitjing.jpg

Stord vidaregåande fekk storfint besøk då statsminister Erna Solberg tok turen innom skulen vår. Statsministeren var invitert hit av mestrings- og utviklingsklassen. I løpet av vitjinga fekk elevane i MU-klassen synt henne eit lite utval av alt det dei driv med i løpet av skuleåret. I tillegg nytta dei høve til å utfordre henne til å svare på ein del vanskeleg politiske spørsmål.

Etter at statsministeren var blitt tatt vel imot av rektor og leiinga ved skulen og deretter vist litt rundt i bygget, var det samling med MU-klassen i toppfløyen. Her fekk statsministeren høyre litt om skulekvardagen til elevane, ikkje minst om alt det spennande som MU-elevane heldt på med i samband med berekraftvekene og Solidaritetsdagen. Elevane framførte også eitt av glansnummera frå førestillinga Prison Blues som dei sette opp tidlegare i år, med låten «I Fought the Law» av The Clash.

I den påfølgjande seansen plasserte elevane seg ved ulike arbeidsstasjonar og synte statsministeren noko av alt handarbeidet dei syslar med til vanleg. Då statsministeren gjekk rundt til dei ulike borda fekk ho vite litt om korleis elevane tilverkar og sel handverksprodukta sine gjennom ungdomsbedrifta som dei har oppretta, men òg om kantinedrifta som dei held på med. I praten med statsministeren om korleis ein slik skulekvardag er med på å gi dei god arbeidslivtrening, var elevane også ivrige med å stille Erna Solberg spørsmål om korleis ho og regjerninga vil jobbe for å leggje til rette for å integrere ungdom med særskilde behov i arbeidslivet. Eit anna tema som dukka opp var korleis styresmaktene kan vere med å skape gode og trygge rammer for vidare utvikling hjå menneska det gjeld. Erna svarte etter beste evne, mellom anna med å vise til korleis regjeringa allereie jobbar med desse spørsmåla og korleis Nav og arbeidsgjevarane legg til rette for å eit inkluderande arbeidsliv.

På slutten av vitjinga fekk Erna med seg enno eit songnummer, i tillegg til nokre av produkta som elevbedrifta har i sortimentet sitt. Erna takka for gåvene og skrytte av alt som elevane og skulen hadde fått til. Statsministeren og følgjet hennar måtte deretter haste vidare til nye viktige avtalar.