Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevmentorane med påske-Kahoot

PåskeKahoot1000x530.jpg

Det var god stemning då elevmentorane arrangerte ein noko forsinka Påske-quiz. Litt over 20 elever hadde funne vegen i lunsjen til klasserommet der Kahooten vart halden. Dei oppmøtte fekk bryna seg på spørsmål om mellom anna kva som er påskefargen og kvifor ein feirar påske. Til slutt var det Haakon som stakk av med sigeren og premien, som denne gongen var ei stor plate med melkesjokolade.