Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elev med gullmedalje i Drill-EM

Drilllandslaget.jpg

Katrin Eldholm (nummer to frå høgre på biletet av dei norske deltakerane), som på fritida er med i Sveio Drilltropp, var nyleg med på å vinne gullmedalje i EM Majoretts 2019. Meisterskapen gjekk av stabelen 10.-13. oktober i Lignano, Italia. Troppen frå Sveio gjekk heilt til topps i klassen "Baton Flag Team Senior", som er ei heilt ny grein innanfor drillsporten i Europa.

Når ein konkurrerer i klassen Baton Flag, har drillpinnen fått knytt på seg eit flag i den eine enden. På denne måten blir det ein ekstra visuell effekt til drillinga, men samstundes vert kontrollen på drillpinnnen og rotasjonen i lufta meir uberekneleg. Det var først i februar i år at det vart klart at Banton Flag kom til å bli ei ny øving til årets EM i Majoretts. Teamet til Sveio drill tok utfordringa, kasta seg om og begynte å øve på den ny drillforma frå mars av. Siden det var ei ny øving å konkurrere i, var det vanskeleg å vite kor nivået låg hjå dei konkurrerande teama under EM. Like fullt vart det klart at Sveio sinn tropp hadde fått øvd inn det vesle ekstra som gjorde dei til Europa sitt beste team i Baton Flag.

For å bli europameister i drilling kan Katrin Eldholm fortelje at ho trener 3-5 gonger i veka, men at dette er truleg siste sesongen hennar med drilløving. Til neste år er ho ferdig ved Stord vidaregåande, og planen er å halde fram med studier ved eit universitet. Dermed må ho forlate det unike drillmiljøet som ein finn i Sveio. For det er ikkje alderen som set grenser for utøvinga. Katrin kan opplyse at i meisterskapet i Italia var det med utøvarar heilt opp i 40-åra. Men for Katrin er det greit å gi seg no når ho har nådd Europatoppen innanfor drilling. Stord vgs gratulerer uansett Katrin og resten av laget hennar med ein fantastisk innsats i Italia.