Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Eksotisk konsert frå MU-elevane

Palmesuskonsert MU.jpg

Etter over eitt år med Covidrestriksjonar og trafikklysregulering av skulen er det nok mange som etter kvart har begynt å drøyme seg bort til andre tider og stader, til kvite strender, brus frå havet og sus i palmetrea. Årets skulekonsert med elevane frå Mestring og utvikling hadde tydelegvis som mål å setje lydsporet til denne draumen. Her var det ein fin blanding av reggea, karibiske innslag og meksikanske rytmar. For å overhalde smittevernsreglane var det berre påmeldte publikum som fekk sleppa inn. Såleis var den fantastiske konserten ikkje berre eksotisk, men også eksklusiv.