Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Foreldremøte om val av programfag

Illustrasjon vegval.jpg

Elevar som går første året på studiespesialiserande skal i nær framtid velja programfag for vg2 og vg3. Dette er eit viktig val for elevane, både når det gjeld skulekvardagen dei neste to åra, vitnemålet etter vg3 og utdanning etter vidaregåande skule. Stord vidaregåande skule ser på val av programfag som så viktig for eleven at også foreldre/føresette bør vera informerte, for såleis å kunna støtta eleven i sitt val.

Foreldre/føresette til elevar i klassane 1STA, 1STB og 1STC vert med dette kalla inn til digitalt foreldremøte måndag 8. februar kl. 18.30. Møtet blir på Teams. Du loggar deg på ved å klikka på denne lenka like før kl. 18.30 måndag kveld:

https://teams.microsoft.com/l/meetup-join/19%3ameeting_YzBmMmMyZGYtMGY3MS00N2E1LWEwZGEtNmUzOTY1N2Q1ZDZk%40thread.v2/0?context=%7b%22Tid%22%3a%225b14945b-0f87-40dd-acf3-5e5e21e6eb36%22%2c%22Oid%22%3a%2273847531-fa9f-4183-9e57-030d89f2c486%22%2c%22IsBroadcastMeeting%22%3atrue%7d



Om du ikkje har delteke på Teams-møte tidlegare kan det vera lurt å ha eleven til stades ved pålogging, i tilfelle noko ikkje skulle fungera. Elevane har etter kvart god erfaring med digitale møte.

Elevane fekk informasjon om fagvalet onsdag 3. - og torsdag 4. februar. Dei har frist til torsdag 11. februar med å velja programfag.

Forventa tidsbruk for møtet måndag kveld er 40-45 minuttar. Underteikna vil først orientera om fagvalet. Deretter vil det bli høve til å stilla spørsmål til faglærarar om kva programfaga går ut på.

Håper de har høve til å vera med måndag kveld.

Vel møtt.


Helsing
Torleiv Agdestein
Fagleiar Stord vidaregåande skule