Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bokbad med Marit Kaldhol

Marit Kaldhol bokbad.jpg

Den nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu hadde i år invitert Marit Kaldhol som festivalforfattar. Til liks med tidlegare år hekta Stord vgs seg på og fekk forfattaren til å kome innom skulen for å bli bokbada av elevane. Denne gongen var det VG1-elevar som tok seg av utspørjinga i sofakroken på scena.

I dialogen med dei tre elevane på scena kom Kaldhol inn på korleis ho arbeider med idear og korleis forteljingane hennar tek form. Ho kom mellom anna inn på at i skriveprosessen så har ho langt ifrå alt klart frå starten av. I staden likar ho å utforske karakterane sine etter kvart som ho skriv. Dette er også ein av grunnane til at karakterar som ein finn i nokon av novellene hennar seinare kan dukke opp som hovudpersonar i ein roman. Slik kan ho utforske og arbeide vidare med karaktertrekka som personane fekk i den første novella.

Vidare kom det fram at for Kaldhol er det viktig at bøkene hennar er opne for tolkingar og at lesaren sjølv kan tenke og reflektere vidare over det som framkjem i tekstane. Ho ønsker ikkje å gi så mange svar til lesaren, men heller i staden kome med spørsmål. Kaldhol ønsker at lesarane i møte med tekstane og karakterane i bøkene hennar prøver å forstå seg sjølv og reflektere over «oss eigne vi» som ho sa det.

Elevane som bokbada forfattaren gjorde det klart at dei hadde eit tydeleg inntrykk av Marit skreiv om dystre tema. Marit parerte dette med svare at ho meinte det var så mykje mykje fjas og underhaldning rundt om elles, og at ho difor ville at bøkene hennar skulle vera ei rom for å setje fokus på det som er alvorleg og viktig for folk. Men sjølv om samtalen og bokbadet slik sett føregjekk i ein noko alvorleg og seriøs tone, synte Kaldhol gjennom opplesinga av sine eigne tekstar og gjennom svara sine at ho også har ein lun (sjølv)ironi som piplar gjennom innimellom.

Samtalen mellom Kaldhol og elevane vart krydra med musikalske innslag frå Vg3-musikkelevane, som også var ansvarlege for gjennomføringa av flott arrangementet.