Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bokbad med Frode Grytten

Grytten redigert.jpg

I samband med Falturiltufestivalen, som i skrivande stund er godt i gang her i distriktet, hadde Stord vgs storfint besøk av Frode Grytten. VG3elevane i musikk-klassen og elevar i C-klassen på studiespesialiserande kunne invitere til bokbad med forfattaren. På scena i skulen sin konsertsal blei Grytten intervjua av tre av elevane om forfattarskapet sitt. Salen var fylt opp til randen av forventningsfulle elevar og lærarar. Innimellom intervjusekvensane fekk både Grytten og publikum høyre nokre stemningsfulle musikalske innslag av musikkelevane.

I løpet av intervjusekvensen vart Grytten spurd om alt frå kva som er favorittlaget hans i fotball til utfordringane med å skrive litteratur på Twitter. Innimellom kom Grytten inn på korleis det var å vokse opp i industribyen Odda på 70-talet, om felleskapskjensla som forsvann utover på 80-talet og vart erstatta av meir individualisme, men òg korleis litteraturen kan fungere som eit frirom for tanken. Likevel var det då Grytten gjengav heiaropet som fotballaget til Odda brukte på bortebane at han verkeleg tok salen med storm. Slagordet var ein illustrasjon på den til dels tøffe og grove språkbruken som var gjengs på denne tida i Odda. Slagordet var så frekt at det ikkje kan gjengjevast her, men det kan seiast at Lothepus nok hadde nikka anerkjennande om han hadde høyrt det.

Grytten fekk flest spørsmål om den siste novellesamlinga si «Menn som ingen treng». Alle skulen sine VG3-elevar skal nemleg skrive fordjupingsoppgåve i norsk om denne boka. Intervjuarane Damian Marszalek, Anders Nerhus Kristiansen og Moira Boyle gjorde ein god jobb med både å spørje ut Grytten og binde heile arrangementet saman. Her skal også produksjonsleiar Ida Øyehaug ha noko av æra for at det gjekk såpass knirkefritt. Arrangementet var nemleg ein del av fagområdet produksjonsleiing på VG3-musikk. Her står det å planleggje, utforme og gjennomføring eit arrangement sentralt. Elevane måtte mellom anna setje opp tidskjema, dreiebok, framdriftsplan, tidsfristar, halde kontakten med alle involverte, og fordele roller og ansvarsområde.