Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bjørn kåra til Årets byggdrifter 2019

Bjørn Ekse.jpg

Det var ein gledeleg overraska driftsleiar på Vabakkjen som kunne motta beviset på at han var blitt kåra til Årets byggdrifter for 2019 av Fagforbundet Hordaland . Prisen til Bjørn var på alle måtar fullt fortjent.

Det er liten tvil om at driftsleiar på Vabakkjen, Bjørn Ekse, er en dyktig og verdsett medarbeidar. Etter å ha blitt nominert i løynd av kollega til tittelen Årets Byggdrifter 2019 i Hordaland, vart juryen i Fagforbundet Hordaland så pass overtydd på bakgrunn av grunngjevinga at dei utpeikte Bjørn til den soleklare vinnaren av prisen. Då representantar frå Fagforbundet i fylkeskommunen, rektor her ved skulen og andre gode kollega plutseleg dukka opp på Vabakkjen, var det ein svært overraska og noko rørt driftsleiar som kunne ta imot prisen. Etter at Bjørn hadde motteke gratulasjonar, blomar og plakett, vart det servert kaffi og kake for å feire vinnaren.