Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Berekraftvekene vart sparka i gang

Berekraftvekene oppstarta musikklinja smalt.jpg

For tredje året på rad har skulen kome i gang det som har blitt heitande Berekraftvekene. I tida fram mot vinterferien vil det bli gjenomført ulike undervisningsopplegg og arrangement der FN sine berekraftmål vil stå i fokus. Den offisielle opninga av vekene fann stad i idrettshallen. Her fekk elevar og tilsette oppleve ei variert program som gav dei ein forsmak på noko av det som dei har i vente i vekene framover.

Eit av tiltaka som inngår i berekraftvekene er elevane sin solidaritetsaksjon. I staden for vanleg undervisning vil elevane i løpet av denne dagen utføre ulike arbeidsoppdrag med tanke på å samle inn pengar. Dei innsamla midlane vil bli brukt til å gi ungdomar i Comalapa, Guatemala utdanningsstipend. På opninga for berekraftvekene kom tidlegare tilsett ved skulen, Tove Linge, innom for å fortelje om kvardagen i Comalapa og prosessen med tildelinga av stipend til ungdomar der og korleis dette arbeidet vert følgd opp. FN var òg representert på opninga med Nadia Camilla Faaberg som snakka om kor viktig det er at alle land har slutta seg til berekraftmåla og kva ein må jobbe med for å kunne nå måla.

Det musikalske innslaget var det tidlegare musikkelev og artist Marion Woodseth med band som stod for. Kvinnheringane spelte tidsriktig pop med songtekstar på dialekt. 1. klasse på musikklinja hadde òg med eit innslag, og fekk på den måten reklamert for solidaritetskonsert som dei vil halde til inntekt for ungodmane i Comalapa.