Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Berekraftvekene er i gang

Berekraftveke idrettsfag varmepumpe.jpg

I veke 7 og 8 vil skulen ha sterkt fokus på FN sine berekraftsmål, men allereie fredag 08.02. tjuvstarta elevane på idrettsfag med aktivitetsdag for ungdomsskuleelevar.

Elevar frå Stord ungdomsskule var invitert til å ta del i ulike aktivitetar som elevane på idrettsfag VG1 og Vg3 hadde planlagt. Nokre av aktivitetane føregjekk oppe i idrettshallen, men det var òg postar nede ved Vikastemmo. Her hadde VG1-elevane sett opp tre lavvoar. Ved kvar lavvo hadde ei gruppe av elevane eit føredrag om eit tema som hadde å gjere med miljøvennleg energi eller om bioteknologi. Ungdomsskuleelevane som stogga opp fekk mellom anna vite noko om korleis ei varmepumpe fungerer, om korleis fotosyntesen skapar bioenergi og litt om gentesting. Ungdomsskuleelevane fekk etter føredraget testa kva dei kunne om temaet dei nettopp hadde høyrt om i form av ein quiz.

Aktivitetsdagen var berre ein forsmak på alt som vil finne stad på skulen i løpet av veke 7 og 8 og som vil vera knytt opp mot FN sine berekraftmål. Her skal det berre nemnast nokre stikkord: Ergometersykkel med wattmålar, plogging, bruktmarknad og byttedag for klede, arbeidslivskonferanse, rollespel om lokaldemokrati, plusshus og mykje, mykje meir.