Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Berekraftprosjekt

Berekraftprosjekt

I 2015 vedtok FN sine berekraftmål. For at dette skal bli meir enn tomme ord vil Stord vgs vera med på å følgje opp desse måla. På initiativ frå lærarar og elevar har ein difor vald å rette særleg fokus på dei nemnde måla i undervisningsopplegg og ulike aktivitetar i løpet av bestemte prosjektperiodar i åra som kjem.

Tysdag 30.01. vart alle elevane samla i idrettshallen for eit skikkeleg avspark (Kick-off) for det første berekraftprosjektet her ved Stord vgs. Ein av dei inviterte gjestane var Kai Grieg. Grieg har mellom anna har arbeidd for FN i Aust-Timor. Han kunne forklare tilhøyrarane korleis vi som skule allereie arbeider for å prøve å nå desse måla, men òg korleis vi framover vil kome til arbeide med dei innanfor skulevesenet så vel som i yrkeslivet elles. 

Band

Med bakgrunn i det 4. berekraftmålet, som dreier seg om utdanning, kunngjorde representantar for elevrådet at overskotet frå Solidaritetsdagen skal gå til å hjelpe barn og unge i den Guatemalske landsbyen Comalapa med å gje dei ein betre skulegang. Kristina Rødahl, representant for Kirkens nødhjelp, hadde spela inn ein video eksklusivt for elevane ved Stord vgs der ho fortalde om samfunnsforholda i Guatemala og i Comalapa. Kirkens nødhjelp har tidlegare støtta innbyggjarane i Comalapa økonomisk, men har no måtte avslutte dette bidraget. Røldahl poengterte at det difor var svært gledeleg at elevane ved Stord vgs har vald å ta opp hansken og vil fortsetje dette arbeidet. 

Representant

 

Sidan Comalapa allereie er venskapskommune med Stord, hadde leiar for venskapskomiteen mellom Stord og Compala, Jan Morten Wiland Nesse, teke turen innom idrettshallen. Han kunne fortelje om erfaringane sine frå reiser til Compala. Ein av dei tinga han understreke var kor viktig ei slik økonomisk støtte vil vere for at borna i landsbyen skal kunne få ei skikkeleg utdanning. Innimellom alle appellane og informasjonen fekk tilhøyrarane musikalske innslag i regi av elevane på musikklinja. Arrangementet lova godt for dei komande vekene som vil stå i berekraftmåla sitt teikn.