Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevar bokbada forfattar Anders Totland

Bokbading av Anders Totland.jpg

I år var det den lokale forfattaren Anders Totland som vart bokbada av elevane ved Stord vidaregåande skule. Til liks med tidlegare år var bokbadet ein del av Falturiltufestivalen, men grunna koronasituasjonen måtte det i år bli eit meir internt og lukka arrangement. Totland starta seansen med å setje seg ned ved klaveret og spele «Måneskinnssonaten». I sjølve spørsmålsrunden kom han mellom anna inn på korleis han ikkje vart sett på som seriøs forfattar før han begynte å skrive bøker for vaksne, at det var først då ein oppfatta at han hadde «debutert». Mange av VG3-elevane skal skrive fordjupingsoppgåve om boka hans «Vintertonar», så det var naturleg at mange av spørsmåla han fekk knytte seg til dette verket. Elevar ved musikklinja stod nok ein gong for vakre tonar i pauseinnslaget.