Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Alle i karantene testa negativt

Onsdag morgon, 09. september, fekk me melding om at alle som er sett i karantene har testa negativ. Me er svært glade for at dei tiltak som vart sett i verk har hatt forventa effekt, og ingen har blitt smitta på skulen. Det har vore evalueringsmøte mellom kommunelegen, lege Kristina Borgemyr og skulen. Det er godt å erfare at retningslinjene til FHI, i dette tilfelle har verka godt, slik at ein har avgrensa omfanget på kort tid og har kunna hatt vanlig drift på skulen. Me ser fram til at dei som har vore i karantene kjem tilbake på skulen. Me må alle likevel ha fokus på: AVSTAND – HANDHYGIENE- IKKJE SJUK PÅ SKULEN.  Helsing Ellen - rektor.