Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Rådgjevarane og  skulehelsetenesta samarbeider for at du skal trivast, ha god helse og gjennomføre utdanninga di på ein god måte. Me rettleier deg i spørsmål  knytt til karriere og yrkesval, tilrettelegging av undervisninga og ulike helsespørsmål. Under finn du òg informasjon om bibliotek, IKT- hjelp og kantinene på skulen.

Treng du hjelp med noko?

Elevrådet

Elevrådet representerer elevane ovanfor rektor og andre som bestemmer på skulen. Er det noko du ønskjer å endra på skulen, kan du ta det opp som ei sak i  elevrådet. Vil du bidra til å laga eit godt skulemiljø, kan du engasjera deg som tillitsvald i klassen, i ein komite, eller berre ved å vere ein god medelev!

Elevrådet møtest omlag ein gong i månaden, og er representert med ein elev frå kvar klasse. Møte i elevrådet gjev gyldig fråvere.

Kontaktperson for elevrådet er Jan Magne Olsen.

Helsesjukepleiar

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane på skulen. Du kan sjølv gå til helsesjukepleiar om du har spørsmål eller treng nokon å snakke med. Helsesjukepleiar har teieplikt. Her er noko av det du kan ta opp:

  • Livsstil: Søvn, fysisk aktivitet, kosthold, tobakk, rusmiddel
  • Kroppslege plager, spørsmål om helsa di
  • Psykiske vansker, depresjon, angst, sinne
  • Konsentrasjonsvansker, lærevansker
  • Spørsmål om seksualitet og prevensjon
  • Vektproblem, vanskelege forhold til mat og eting
  • Vanskelege heimeforhold, uro for nokon i familien
  • Rusmiddelbruk hos deg sjølv eller nokon du kjenner
  • Utsett for (eller vitne til) vald eller overgrep

Helsesjukepleiar for Saghaugen:

Iselin L. Amundsen, Tlf.: 912 46 661. Elevane kan gjera avtale med ho slik:

Måndag og tysdag: Saghaugen.

Onsdag og torsdag: Vabakkjen.

Psykolog

Psykolog er Mie Høeg Eriksen. Ho er på skulen tysdagar frå 8 til 15. Det beste er om du bestiller time gjennom kontaktlærar eller rådgjevar. Men du kan og bestilla time hos ho direkte på SMS, tlf.: 46471978.

Rådgjevartenesta

Lurer du på kva du vil bli? Tenkjer du på framtida? Utdanning og yrke? Har du eit konkret problem på skulen eller heime? Eller treng du berre nokon å snakka med? Då kan du ta kontakt med  rådgjevarane våre.

Sosialpedagogisk rådgjevar på Saghaugen
Profilbilde av  Cecilie Berger
Cecilie Berger
94 19 90 69

 

Sosialpedagogisk rådgjevar - Vabakkjen
Profilbilde av  Hermod Kirkeli
Hermod Kirkeli
40 80 63 09

 

Karriererådgjevar - Saghaugen
Profilbilde av  Gunnhild Vatne Ersland
Gunnhild Vatne Ersland
40211766

 

Rådgjevar for yrkesfag - Vabakkjen
Profilbilde av  Frode Fjellanger
Frode Fjellanger
92420559
Bibliotek Saghaugen1.jpg
Skulebibliotekar
Profilbilde av  Egil Vadla

 

I underetasjen på Saghaugen finn du biblioteket vårt. Det har opningstid frå 08.00 - 15.00 kvar dag. Her får hjelp til å finne fagstoff, låne bøker og tidsskrift, sitte i fred og ro å jobbe med eigne ting eller jobbe i gruppe. Du kan også ta utskrift her. 

Meir om biblioteket
Kantina Saghaugen 1.jpg

Kantine

Kantinene våre på Vabakkjen og Saghaugen tilbyr varme og kalde rettar, frukt og grønt, samt litt snacks.

Kantina på avd. Saghaugen er open måndag-torsdag frå kl 07.00-14.00, fredagar frå kl 07.00-13.00.

Kantina på avd. Vabakkjen er open måndag-torsdag frå kl 07.45-14.00, fredagar frå kl 07.45-13.00.

Kantina på avd. Opplæringssenteret er driven av ei ungdomsbedrift, og har ope ca to dagar i veka. For opningstider, sjå eige oppslag på døra.

Vidaregåande opplæring for minoritetsspråklege

Dersom du har flytta til Noreg og vurderer å ta vidaregåande utdanning her til lands, har Vestland fylkeskommune laga ei nettside med informasjon om kva som krevst av deg og korleis du går fram i søknadsprosessen.

Her finn du òg informasjon om fylkeskommunen sine minoritetsrådgjevarar. Alle elevar og tilsette i Vestland kan kontakte rågjevarane med tanke på å få råd og hjelp.

Elev- og lærlingombodet i Vestland

Profilbilde av Sigrid Isdal

Sigrid Isdal

Send e-post 40403145

IKT Teneste

IKT-konsulent
Sondre Aas Selle
IKT-konsulent
Ketil Vestby
53452035

 

For at me skal kunne hjelpe deg raskt og effektivt ber me deg melde inn sak på lenkja under.

Kontor og administrasjon

Skulen har kontoradministrasjon både på Saghaugen, Vabakkjen og Heiane. Her får du hjelp til mykje, til dømes: 

  • Utskrift av vitnemål og kompetansebevis
  • Lånekassen
  • Skuleskyss
  • Elevbevis
  • Hjelp til å få kontakt med den du søkjer
  • Diverse søknadsskjema og opplysningar om fristar, m.m.
  • Bortkomne eigendelar