Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Rådgjevarane og  skulehelsetenesta samarbeider for at du skal trivast, ha god helse og gjennomføre utdanninga di på ein god måte. Me rettleier deg i spørsmål  knytt til karriere og yrkesval, tilrettelegging av undervisninga og ulike helsespørsmål. Under finn du òg informasjon om bibliotek, IKT- hjelp og kantinene på skulen.

Treng du hjelp med noko?

Elevrådet

Elevrådet representerer elevane ovanfor rektor og andre som bestemmer på skulen. Er det noko du ønskjer å endra på skulen, kan du ta det opp som ei sak i  elevrådet. Vil du bidra til å laga eit godt skulemiljø, kan du engasjera deg som tillitsvald i klassen, i ein komite, eller berre ved å vere ein god medelev!

Elevrådet møtest omlag ein gong i månaden, og er representert med ein elev frå kvar klasse. Møte i elevrådet gjev gyldig fråvere.

Kontaktperson for elevrådet er Cecilie Berger.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane på skulen. Du kan sjølv gå til helsesjukepleiar om du har spørsmål eller treng nokon å snakke med. Helsesjukepleiar har teieplikt. Her er noko av det du kan ta opp:

  • Livsstil: Søvn, fysisk aktivitet, kosthold, tobakk, rusmiddel
  • Kroppslege plager, spørsmål om helsa di
  • Psykiske vansker, depresjon, angst, sinne
  • Konsentrasjonsvansker, lærevansker
  • Spørsmål om seksualitet og prevensjon
  • Vektproblem, vanskelege forhold til mat og eting
  • Vanskelege heimeforhold, uro for nokon i familien
  • Rusmiddelbruk hos deg sjølv eller nokon du kjenner
  • Utsett for (eller vitne til) vald eller overgrep

Helsesjukepleiar for Saghaugen: Iselin L. Amundsen, mobil 912 46 661. Elevane kan gjera avtale med ho måndag og torsdag.

Helsesjukepleiar Vabakkjen: Hege J. Lunde, mobil 97 55 20 24. Er å treffa måndagar og torsdagar  0830-1500

Helsesjukepleiar Saghaugen
Profilbilde av Iselin Amundsen

Iselin Amundsen

Send e-post 912 46 661

Rådgjevartenesta

Lurer du på kva du vil bli? Tenkjer du på framtida? Utdanning og yrke? Har du eit konkret problem på skulen eller heime? Eller treng du berre nokon å snakka med? Då kan du ta kontakt med  rådgjevarane våre.

Konst. Avdelingsleiar MU
Profilbilde av Mona Ulgenes Bore

Mona Ulgenes Bore

Send e-post 53452037

 

Sosialpedagogisk rådgjevar Vabakkjen
Profilbilde av Cecilie Berger

Cecilie Berger

Send e-post 53452039

 

Rådgjevar studieførebuande Saghaugen
Profilbilde av Ingrid K Skorpen

Ingrid K Skorpen

Send e-post 53452038

 

Rådgjevar yrkesfag Vabakkjen
Profilbilde av Frode Fjellanger

Frode Fjellanger

Send e-post 53452056

 

Bibliotek Saghaugen1.jpg
Bibliotekar
Profilbilde av Egil Vadla

Egil Vadla

Send e-post

 

I underetasjen på Saghaugen finn du biblioteket vårt. Det har opningstid frå 08.00 - 15.00 kvar dag. Her får hjelp til å finne fagstoff, låne bøker og tidsskrift, sitte i fred og ro å jobbe med eigne ting eller jobbe i gruppe. Du kan også ta utskrift her. 

Meir om biblioteket
Kantina Saghaugen 1.jpg

Kantine

Kantinene våre på Vabakkjen og Saghaugen tilbyr varme og kalde rettar, frukt og grønt, samt litt snacks.

Kantina på avd. Saghaugen er open måndag-torsdag frå kl 07.00-14.00, fredagar frå kl 07.00-13.00.

Kantina på avd. Vabakkjen er open måndag-torsdag frå kl 07.45-14.00, fredagar frå kl 07.45-13.00.

Kantina på avd. Opplæringssenteret er driven av ei ungdomsbedrift, og har ope ca to dagar i veka. For opningstider, sjå eige oppslag på døra.

Elev- og lærlingombodet i Hordaland

Profilbilde av Sigrid Isdal

Sigrid Isdal

Send e-post 40403145

IKT Teneste

IKT-konsulent
Profilbilde av Ketil Vestby

Ketil Vestby

Send e-post
IKT-konsulent
Profilbilde av Sondre Aas Selle

Sondre Aas Selle

Send e-post

 

For at me skal kunne hjelpe deg raskt og effektivt ber me deg melde inn sak på lenkja under.

Kontor og administrasjon

Skulen har kontoradministrasjon både på Saghaugen, Vabakkjen og Heiane. Her får du hjelp til mykje, til dømes: 

  • Utskrift av vitnemål og kompetansebevis
  • Lånekassen
  • Skuleskyss
  • Elevbevis
  • Hjelp til å få kontakt med den du søkjer
  • Diverse søknadsskjema og opplysningar om fristar, m.m.
  • Bortkomne eigendelar