Skuleskyss
Vanleg rutebuss nr. 60, 61, 62 og 64 køyrer forbi Stend. Treng du skuleskyss må du kjøpe 30-dagers ungdomsbillett.
Sykkel- og gangveg
Det er god gang- og sykkelveg frå Lagunen og Nesttun, og frå Fana.
Det er sykkelparkering inne på tunet, ved mur ned mot fjøsplassen, og ved inngang E.
Buss
For å komme til Stend vidaregåande skule med buss kan du ta rutene 60, 61, 62 og 64.
Alle bussane går frå Lagunen, så om du kjem frå retning sentrum må du ta Bybanen dit.
Frå busstoppet på Stend er det ca. tre minutter å gå til skulebygget.
Finn rutetider på Skyss
30-dagers ungdomsbillett
Du må som hovudregel bruke 30-dagers ungdomsbillett til skoleskyssen. Dette gjeld og om du bur meir enn 6 km frå skulen. Det betyr at du som er funksjonsfrisk og under 20 år, ikkje har rett på gratis skulereisekort.
Dersom det er meir enn 6 km mellom heim og skule, har du rett på fri skoleskyss om du:
- er over 20 år
- eller bur i eit område med definert lavt rutetilbud
Bil og moped
Køyrer du bil og kjem frå Lagunen, tar du av i Rådal i retning Fana, FV 546. Skal du parkere inne på skuleområdet må du ha tilgangskort for bommen. Det er sett av nokre plassar til gjestar.
Det er sett av plass til mopedparkering på hovudparkeringsplassen.
Vi bed om at andre brukar alternative, oppmerka plasser i utkanten av skuleområdet (Titlestadvegen, Hordnesvegen). Det er ikkje tillat å parkere langs vegen, då dette kan vere til hinder for arbeidsbilar/maskinar.
Det er ikkje tillatt å køyre inn på tunet.