Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Biblioteket

På biblioteket kan du låne bøker, bruke iMac-er, og få hjelp til studieteknikk og kjeldekritikk.

Blyanter

 

På biblioteket får du utlevert lærebøkene dine, og du får det nasjonale lånekortet. Her er det trivelege arbeidsplassar og sofakroker, og du kan jobbe med stille arbeid, individuelt eller i små grupper. Vi har faglitteratur og oppslagsverk du kan bruke som kjelder, og du kan be bibliotekaren om hjelp.  

Lånekontrakt for elevar i vgs

Du kan låne bøker på norsk og engelsk til å lese på fritida, anten det er for å trene på å lese, som underhaldning eller for å få litterære opplevingar. 

Biblioteket er først og fremst eit arbeidsrom, der du må respektere andre, la dei få arbeidsro og halde orden.  

Du finn meir om tilbudet vårt på It’s Learning, STJ-BIBLIOTEKET

Ring: 55918847

Kor er biblioteket? 

Biblioteket på Stend finn du i C-fløyen, i 2. etasje.

Opningstider

Biblioteket er opent måndag- onsdag kl: 08:30-16:00. (Torsdag - fredag kan du bruke biblioteket etter avtale med lærarar, som då har ansvaret for bruken).

Ordensreglar

Biblioteket skal vere eit stille arbeidsrom for alle elever og tilsette på skulen. Nokon gonger blir det brukt som studieverkstad, og andre brukarar må då ta omsyn til dette. Spising på biblioteket er kun lovleg dersom du ryddar etter deg, og ikke grisar. Vi forventer elles at alle ryddar etter seg, og set bøker tilbake på rett plass etter bruk.

Kjeldekritikk og kjeldebruk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men veit du om du kan stole på det du finn? Det er viktig å  vere kritisk til kjeldene, for å finne informasjon som er eigna og kvalitetssikra. 

Når du finn ei kjelde du vil bruke, kan du ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som om det var ditt eige. Korleis du kan bruke andre sine tekstar, utan å plagiere, kan du lære meir om på vår side om kjeldebruk og kjeldekritikk.  

Kjeldebruk og kjeldekritikk


E-lån

E-lån Hordaland har over fire hundre titler. Det er mest romaner, men også ungdomsbøker og fagbøker. Du kan laste ned e-bøkene til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen. Du kan laste ned samme bok til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker. 

 

E-lån
Bibliotekar
Profilbilde av Anne Bente Totland

Anne Bente Totland

Send e-post