Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Om stend vidaregåande skule

Stend vidaregåande skule ligg i Fana bydel i Bergen. På Stend har det vore skuledrift sidan 1866, og har i dag utdanningsprogramma idrett, service og samferdsel og naturbruk. I tillegg har vi allmenn påbygging til studiekompetanse.  Skulen er eit eige gardsbruk, og vi har mange ulike læringsarenaer, og stor variasjon i opplæringstilboda. Til saman går det ca. 510 elevar ved skulen.

ein aktiv skulekvardag

Dei fleste klasseromma er plassert i skulebygget i Fanavegen 249. Her finn du og administrasjonen, inngang A. På Stend skjer mykje av opplæringa på læringsarenaer utanfor skulebygget. Meir informasjon om dette finn du andre stader på nettsida.

Skulen har tre utdanningsprogram, og er knutepunktskule for grupper med tilrettelegging. Det som er felles for dei ulike tilboda er fokus på aktivitet og ei praktisk tilnærming til faga.

Ekspedisjonstid: 08.00 - 15:00

I ekspedisjonen møter du Vibeke Bjørnsen og Torunn Hjelle som hjelper deg med praktiske spørsmål, eller som finn nokon andre som kan hjelpe deg. 

Administrasjonen

I administrasjonsfløyen ved inngang A finn du, i tillegg til Vibeke og Torunn, rektor, ass.rektor/avdelingsleiar på service og samferdsel, kontorsjef og rådgivarar. Dei andre avdelingsleiarane finn du på dei ulike avdelingane.

Avdelingsleiar kan hjelpe  med spørsmål knytt til undervisninga, timeplanar, klassemiljø og meir. Sjå meir informasjon som ligg under studietilboda våre.

Treng du å kontakte nokon i administrasjonen kan du ta direkte kontakt, eller sende ein epost til post.stj@hfk.no

Administrasjonen

Rektor
Profilbilde av Magnus Vaktskjold

Magnus Vaktskjold

Send e-post 55918802
Avdelingsleiar Service og samferdsel / Ass.rektor
Profilbilde av Lisbeth Irene Norendal

Lisbeth Irene Norendal

Send e-post 55918803
Avdelingsleiar naturbruk og påbygg
Profilbilde av Torbjørn Litlere

Torbjørn Litlere

Send e-post
Avdelingsleiar HTH
Profilbilde av Reidun Mangersnes Moe

Reidun Mangersnes Moe

Avdelingsleiar idrett
Profilbilde av Rune Lindgren

Rune Lindgren

Send e-post 55918818
Avdelingsleiar HTA og HT
Profilbilde av Tom Jacob Kyrkjebø Irgan

Tom Jacob Kyrkjebø Irgan

Send e-post
Leiar administrasjon
Profilbilde av Tore Hordnes

Tore Hordnes

Send e-post
Gardsstyrar
Profilbilde av Erling Kjosås

Erling Kjosås

Send e-post

Tilgjengelegheit

Stend vidaregåande skule har eit stort område, med mange bygg. Det er dei siste åra gjort fleire ombyggingar og oppgraderinger for å tilfredstille krava til universell utforming.

Ta kontakt med skulen for meir informasjon.