Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

IT-avdelinga

IT-avdelinga finn du i kjellaren i administrasjonsbygget. Her har vi verkstad, og kan hjelpe deg med tekniske spørsmål og problem anten det gjeld software eller hardware.

Opningstider:

Vi er tilgjengeleg alle dagar mellom kl. 08:15 og kl. 15:30

Tlf: 55918830

Treng du hjelp?

Ofte får vi spørsmål om kor elevane og lærarane kan laste ned programvare til undervisning, andre gonger har elevane og lærarane gløymt passordet sitt. Snarvegane nedanfor tar deg rett til stadene der du kan fikse dette sjølv.

Elev-PC

Undervisninga i vidaregåande skule krev at alle elevane har PC. Du har sjølv ansvar for å skaffe deg PC til skulestart i august.

IT avdelinga

Stend er ein av skulene med høgast kompetanse innanfor it. Skulen ligg langt framme når det gjeld teknologi, og alle tilsette har generelt høg kunnskap om bruk av digitale hjelpemiddel.

It-avdelinga har sertifisering i Windows, Apple og bruk av Google i undervisning. Stend var også blant dei første skulene som tok i bruk iPad i undervisning.

Kontaktpersonar

IKT-ingeniør Profilbilde av Marianne Hofstad Berentzen

Marianne Hofstad Berentzen

Send e-post

Vi brukar "Google Apps for education" til lagring og samhandling

"Google Apps for education" er ei teneste som er levert av google. Alle elevar og tilsatte får sin private konto via skulen. Dei får då tilgang til 30GB gratis lagring. Med denne løsninga er det lett å dele dokument/filer med andre medelevar og lærarar, og fleire kan skrive i dei same filene samtidig. Nedanfor finn du ein filmsnutt om korleis du enkelt deler filer med andre.

Opprette delt mappe og dokument på Google drive