Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevråd og elevtenester

På Stend er vi opptatt av å skape eit godt skulemiljø, og leggja til rette for at elevane skal ha maksimalt utbyte av opplæringa. Gjennom Elevrådet og Skulemiljøutvalet blir elevane involvert i dette arbeidet.

Elevrådet

Elevrådet på Stend har møter om lag ein gong i månaden. Dei er aktive i samarbeidet med skulen si leiing om å skape ein god skule. Elevrådet er ein god møteplass for å knyte kontakter på tvers, og spesielt viktig på Stend der elevane har stor variasjon i opplæringstilbodet.

Elevrådstyret i 2016/2017 er:

Marielle Engelsen, 3ida, Elevrådsleiar/UB 2016 
Ludvik Skjeseth, 2ida, Nestleiar
Kari Kuvaas Herting, 2idb, styremedlem/Sekretær
Josua Wessels, 1naf, styremedlem/solidaritetsansvarleg
Håkon Eugen Kongsvik, 1idc, styremedlem/UB 2017
Marita Natland, 2nalgaa, styremedlem
Tiril Jørgensen, 2nahhob, styremedlem 

Elevane på Stend er medlemar i Elevorganisasjonen.

Vil du komme i kontakt med elevrådet? Send ein e-post til: stendelevraad@hotmail.com 

Etter initiativ frå elevrådet vart det i 2016 inngått eit samarbeid med Kolibri-CARF. Elevrådsrepresentantane er viktige i arbeidet med å gjennomføre "Internasjonal dag".

Les meir om samarbeidet med Kolibri-CARF

Skulemiljøutvalet

Skulemiljøutvalet skal arbeide for å auke deltakinga frå elevane, skulen og dei tilsette i arbeidet med skulemiljøet. Elevane skal vere i fleirtal i utvalet.

Utvalet skal gi råd til skulen i arbeidet med skulemiljøet, men har ikkje rett til å gjere bindande vedtak. Skulemiljøutvalet kan òg be skulen setje inn tiltak for å betre
det fysiske og det psykososiale miljøet på skulen. I skulemiljøutvalet på Stend har det fysiske arbeidsmiljøet vore tema dei siste åra, ettersom det har vore mykje byggjearbeid. Vi drøfter og gjennomføringa av ulike brukarundersøkingar, og korleis dei skal fylgjast opp. Skulemiljøutvalet er involvert i arbeidet med skulen sin utviklingsplan, og i arbeidet med ulike rutinar og saker knytt til læringsmiljøet generelt.

I skulemiljøutvalet sit rektor, ass. rektor, ein lærarrepresentant, ein representant frå andre tilsette, elevinspektør og heile elevrådstyret. 

Ungdommens bystyre

Stend er representert i Ungdommens Bystyre i Bergen kommune. Her blir representantene valt for eit kalenderår om gongen. I 2017 er det Håkon Kongsvik som representerer Stendaelevane.

Elevtenesta

Elevtenesta har oppgåver knytt til rådgiving og skulemiljø. Vi skal vere eit bindeledd mellom eleven og resten av skulen, og støtte deg dersom du treng tilrettelegging eller kontakt med andre hjelpeinstansar.

 

Kva kan Elevtenesta hjelpe deg med?

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit lågterskeltilbod til elevane. Her arbeider helsesøster Anne-Grethe Korsmo og skulepsykolog Ruth Jorunn Glittenberg.

Les om skulehelsetenesta

 

 

Les om kantina på Stend

 

Les om biblioteket på Stend