Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Eksamen og vurdering

Her finn du mellom anna planen for eksamensperioden, og praktisk informasjon om gjennomføringa av eksamen. Gjer deg kjent med desse, slik at du er godt førebudd på eksamensdagen. Spør faglærar dersom du har spørsmål om innhald og krav til eksamen i enkeltfaga.

Eksamensplan 2019

Udir har kome med nye tekniske krav til pc/mac på eksamen, kontroller listen og sjekk maskinen din. Treng du hjelp, ta kontakt med ikt-avdelinga. 

UDIR-tekniske krav til PC

Viktig å sjekke før eksamen:

  • Sjekk at PC er oppdatert og fungerer ordentleg i god tid før eksamen
  • Slå av VPN og fildelingsprogram før eksamen
  • Sjekk at PC-laderen fungerer, og at du har den med på prøven
  • Sjekk at utskrift fungerer frå PC og at du klarer å logge deg inn på skrivaren

Windows-brukarar kan sjekke kva som trengs av oppgraderingar via: Skoleportalen.no | Programvare | Windows | PatchMyPC. Apple-brukara kan sjekke oppdateringar via AppStore.

Textpilot er godkjent til eksamen (må lastast ned på maskinen på førehand). Sjå meir om dette på InfoElev på Itslearning.

Under eksamen får elevane tilgang til diverse nettadresser.

Nasjonale nettressursar

I tillegg til dei nasjonale ressursane, vil desse nettsidene vere tilgjengelege for elevar og privatistar i HFK:

http://lokus.no
https://www.ordnett.no/
http://smartbok.no
http://ordbok.uib.no/
http://weitergehts.samlaget.no
http://bescherelle.com/
http://Gutenberg.org
http://www.skoleportalen.no
http://ndla.no

For å gjere det enklare å finne adressene under eksamen kan eleven legge desse til i favorittar/bokmerker. Sjølv om desse adressene er tilgjengeleg under eksamen, kan det ikkje garanterast for at alle lenkar under desse nettsidene vil fungere. Dette kan skyldast at dei tillèt kommunikasjon eller at dei til dømes er ein referanse til eksterne ressursar. Dersom de opplever at ei adresse ikkje fungerer optimalt må de kontakte Opplæringsavdelinga eller IT-service. Ein URL kan bli endra før eller under eksamen. Dersom dette skjer vil ikkje ressursen vere tilgjengeleg. Adressene blir testa jamleg og dagleg under eksamen.

Vi anbefaler at ordnett blir lagt inn i bokmerke (ny 2017) for å finne den lisensierte delen av ordnett.no.

Hugs at kommunikasjon uansett ikkje er tillate, og at juks under eksamen vil få konsekvensar.

Ordnett - lisensutgåve

 

For at tilgangen til nettadressene skal fungere optimalt, må du ha oppdatert skule-relatert programvare. Sjå Skoleportalen.no.

Om gjennomføring av eksamen

Lurer du på om du har rett på tilrettelegging? Snakk med fag- eller kontaktlærar, og søk så raskt som råd.

Målet er at alle kjem seg gjennom skuleåret med vurdering i alle fag, men kva skjer dersom ein ikkje klarer det?

Kva skjer dersom du har 1 eller IV i eit eller fleire fag?

 

Les meir om eksamen på UDIR sine sider