Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Yrkesretta kurs

Stend vidaregåande skule tilbyr gjennom skuleåret ulike yrkesretta kurs. Kursa vert annonsert fortløpande på skulen sine heimesider.

Autorisasjonskurs i plantevern

Alle som skal kjøpe og bruke profesjonelle plantevernmiddel, må vera autorisert. Krav for autorisasjon: Over 18 år, nyttar plantevernmiddel i yrkessamanheng, gjennomført plantevernkurs og bestått eksamen på plantevernkurs. Autorisasjonen gjeld for 10 år, og må då fornyast.

Stend vidaregåande skule tilbyr slike autorisasjonskurs i februar 2018.

Førstegangsautorisasjon og fornying av autorisasjon:
Teoridag måndag 12. februar 2018 kl. 08:15-16:16.

Obligatorisk for dei som skal ha førstegangsautorisasjon:
Praksisdag torsdag 15. februar 2018 kl. 08:15-16:15.

 Kursavgift:
1.gangsautorisasjon: kr. 3.600,- pr. deltakar (inkl. lærebok, eksamensavgift og servering).
Kun praksisdag: kr. 2500,- (lærebok ikkje inkludert).
Fornying: kr. 2.500,- (inkl. lærebok, eksamensgebyr og servering).

 

Les meir om kurset

For informasjon og påmelding, send epost eller ring til skulen. Frist 1. februar 2018.

Send epost til skulen